Storytelling

Eg tek imot bestilling på forteljingar og lagar program tilpassa alder og høve for både tilreisande grupper og lokale samlingar. Eg fortel gjerne historier som er knytt til staden og som viser oss forbindelsen ut i verda. Eit døme er segna om St. Sunniva på Selja eller ”De syv Føl” som er knytt til Urnes stavkyrkje i Luster i Sogn.

På den internasjonale forteljarskulen www.schoolofstorytelling.com i Sør England har vi lært å bruke stemma til å finna vårt eige utrykk, forma forteljingar, planleggja og førebu førestillingar. Vi arbeida med skapingshistoriar frå heile verda, mytar og dyreforteljingar, eventyr og vi utvikla våre biografiske historier.

Eventyret fortel oss om vår eksistensielle situasjon, våre djupaste sjelelege avgrunn og våre høgaste drøymar og mål, seier Egil Sundland i boka ”Det var ein gong eit menneske” (Cappelen Akademiske forlag 1998).

Mange stader kunne eventyra bli fortalt i innhaustingstida men dei fleste stader var de sikrast tid å fortelja om kvelden, ved eldstaden med lukka dørar og vindauga. Elles kunne de gå galt.

Utdrag frå dei sju Folane (Asbjørnsen og Moe):

Då han vel hadde kome forbi bergskorta, sa den yngste folen: “Sett deg opp på ryggen min du, for vi har lang veg enno,” og det gjorde han.

Så reiste dei eit langt, langt stykke til. “Ser du noko no?” sa folen.

“Nei,” sa Oskeladden.

Dei reiste då eit godt stykke att.

“Ser du noko no?” spurde folen.

“Å nei,” sa guten.

Då dei hadde reist eit langt, langt stykke, spurde folen igjen: “Ser du noko no då?”

“Ja, no synest eg det kvitnar i noko,” sa Oskeladden; “det ser ut som ein stor diger bjørkestubbe.”

“Ja der skal vi inn,” sa folen.

Då dei så kom til stubben, tok den eldste folen og braut den til side; så var det ei dør der stubben hadde stått; innafor var ein lita stue og i stua var det ikkje stort anna enn ein liten peis og eit par krakkar; men bak døra hang eit stort ruste sverd og ei lita krukke.

Eventyrreisa er ofte skrevet om som ein lang og farleg veg. Å nå fram til målet er ikkje noko sjølvsagt. Dei understreka ofte slitet, det å halda ut, og evna til ikkje å gje opp sjølv om alt talar for det.

Vi ser det norske landskapet som vert beskrive, endelaust, skogar, bratte fjell, vidder, elvar, fjordar, vatn og av og til storhavet. Det er ikkje allfarvegen det er tale om, men hemmelege stiar der ingen har gått før, den sjølvvalde vegen, den personlege vegen kanskje.

Askeladden er den som består prøvene. Han har sjelekraft til å overvinne den verst tenkjelege trøttleik og freisting. Då kan det skje ei forvandling, det oppstår nye bilete i eins indre. Ein kan først virka og gripa inn i verda etter først å ha sett det som bilete i sitt indre. Noko nytt blir sett – ser du det, vert du herre over det. Derfor eventyrets evige spørsmål: ”Ser du noko?”.