Samarbeid

Finnest det ein metode som kan utvikla ein stad, dra den framover, leia den frå fortid inn i framtid? Desse spørsmåla førde meg til Skotland og i kontakt med Margareth Colquhoun, www.pishwanton.org og hennar metode som ho kallar ”Stadens genius”. Margaret seier: “Caring for the earth is healing both ourselves and the land”.

Eg samarbeidar og med Seksjon for læring og lærarutdanning ved Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) som rettleiar i kurset ”Garden som pedagogisk ressurs”. På oppdrag frå Biodynamisk foreining og i samarbeid med UMB var eg prosjektleiar for prosjektet ”Garden som utdanningsarena i Vg1” (sjå rapport). I utdanning for berekraftig lærarutdanning skal vi utvikla praksisarena for lærarstudentar i stadbasert læring lokalt, www.livinglearning.org.

Elles er eg medutviklar, gjestelærar og rettleiar i Masterprogrammet ”Environmental and Social Education” ved Rudolf Steiner University College i Oslo, sjå: www.rshoyskolen.no.

Halvparten av undervisningsmodulane i denne utdanninga er lagt til England og Ruskin Mill Educational Trust, www.rmet.co.uk. Ruskin Mill Educational Trust er ein utdanningsstad for studentar med spesielle behov som er utvikla med inspirasjon frå Rudolf Steiner, William Morris og John Ruskin. I omgjevnadane i ein vakkert skogkledd dal, med fiskeoppdrett og gardsbruk, tar studentane del i aktivitetar som er designa til den enkelte, basert på deira eige potensial. Ved Ruskin Mill samarbeidar eg og med Sue Reed, som er ansvarleg for rettleiing og utdanning av tilsette.