Om meg

Som lita leika eg i fjæresteinane og på øyane vest i havet. Der ute kunne vi om kvelden sjå sola går ned bak horisonten med dei vakraste fargar. På søndagar reiste vi med båten ut til holmar og skjer for å plukka standnellik, studera fugleungar som pikka hol og kom utav egget. I strandkanten leika vi med skjell og fann rek og når vi vart svoltne koka me krabbe eller fisk som vi hadde fanga i løpet av dagen i det salte sjøvatnet.

I min barndom var desse øyane magiske og ein hellig plass for oss – vi trong ikkje gå i kyrkja om søndagen. Ved å springe rundt og kjenna det varme svaberget under føtene opplevde vi heilheit og ”spirit of land”. Desse øyane har lært meg å finna haldepunkt i livet og kjenna meg heime der eg måtte komma. Dei nakne steinane har lært meg å lytta til stilla og landskapets språk.

I will not rest until I know that all my ideas are derived not from heresy or traditions but from real living contact with tings themselves.

(Goethe1786, Italian Journey)

Seinare lærte eg å dyrka jorda laga kompost avle fram planter og skape hage, bli kjent med husdyra våre og forstå deira språk. Alt dette har eg hatt bruk for når eg seinare som pedagog skulle skape rom og leggja til rette for menneskeleg vekst. Å læra seg handverk som veving og spinning høyrde med, men det var meir for å få inn denne kunnskapen i kroppen og i hendene å veva relasjonar og samarbeid med kollegar seinare.

Every motion of the hand in every one of its work carries itself through the element of thinking, every bearing of the hand bears itself in that element. All the work of the hand is rooted in thinking.

(Heidegger, 1977)

Av utdanning er eg økologisk agronom med allsidig landbrukspraksis. Er utdanna Steiner skulelærar ved Rudolf Steiner University College i Oslo. Eg har og praktisk pedagogikk frå UMB, Ås.

I 2007 fullførte eg master oppgåve med tittel: Staden, Dialogen og Forteljinga og seinare i 2010 har eg tatt utdanning som ”Forteljar” ved den internasjonale ”School of Storytelling” ved Emerson College i England.