Naturpedagogikk

Eg kan tilby rettleiing/rådgjeving i stadbasert læring, til dømes korleis komme i gang med skulehageutvikling og pedagogiske opplegg i samarbeid med gardsbruk, lokalsamfunnet og staden som læringsarena.

Som naturpedagog har eg erfaring i å lage øvingsopplegg med teikning og forteljing bygd på metodar i å utforske ”Stadens genius”. Øvingsfeltet her er å utvikle sansane og dialogen som ein har med seg sjølv, med andre og med naturen, og å bli det bevisst.

Staden si stemma

Uttrykket ”Genius Loci” er opphavleg frå romartida og står for noko som er lokal genuint, ei slags inspirerande kraft i naturen. Korleis kan vi lytte oss inn i det aktive uttrykket i eit landskap? Korleis lytte fram staden og la den fortelja noko av sin historie? Er det mogleg i lag å skape rom for staden sin ide, eigenart og atmosfære?

Oppgåva vår i dag er å handle i respekt for staden sin eigenart og å utvikle den vidare gjennom skapande aktivitetar. Korleis kan vi utvikle vegar mot djupare innleving og forståing av livssamanhengar, både i naturen og i sosiale samanhengar?

Diktarar kan visa oss naturen, landskapet og tinga på ein slik måte at dei i seg sjølv står fram som bilete på noko i vårt eige liv. Karin Sveen brukar bilete og poesi for å uttrykkja tilhøyre til sitt landskap:

”Fordi landskapet både er noe ytre og noe indre, snakker vi ofte om oss selv når vi snakker om landskap. Kanskje er vi like uadskillelige fra landskap som fra oss selv. Landskapet forblir inni oss også når vi er borte fra det. …Landskapet kan lære oss noe som vi ofte ser ut til å ha glemt. Enkelhet, gjentakelse og tilgjengelighet. Landskapet har også et språk uten ord, likevel ”sier” det oss noe. Landskapet er naturens språk, slik diktet er ordenes” (Sveen, 1998, Det tålmodige landskapet).

Kva er læring i berøring med livet og korleis pleia og utvikla dette doble dyrkingsfeltet? På den eine sida pleie av den ytre hagen – staden, naturen eller landskapet og på den andre sida pleie av det indre vekstrommet i eleven og i seg sjølv. Økologisk kompetanse er ikkje berre det sambandet ein har med den ytre naturen, men og i forhold til vårt indre.

Stadbasert læring

Eg har arbeidd med stadbasert læring sidan eg fekk jobb som skulehagelærar i Steinerskulen på Nesodden i 1991. Nokre år seinare kom eg til Aurland og var med å bygge opp skulehagen ved Aurland barne- og ungdomsskule (ABU). Skulen var med i pilotprosjektet ”Levande skule”, der eg har vart engasjert som rettleiar sjå, www.livinglearning.org.

Både gjennom ABU og seinare Sogn jord- og hagebruksskule (www.sjh.no) har eg vore aktivt med på å utvikle læreplanar for 1. til 10. klasse basert på skulehagen, garden, utmarka og fjellressursane i kommunen. Dette arbeidet har etter kvart blitt utvikla til ”Aurlandsmodellen”. Her har vi i løpet av dei siste 15 åra skapt ein modell som viser korleis næringsliv, frivillige organisasjonar og offentlege institusjonar kan spela på lag med skulen og skape eit integrert læringsmiljø med heile kommunen som læringsarena. Her nyttar ein ikkje berre naturfag og samfunnsfag, men særskilt “Mat og helse” som basis for undervisningsopplegga. Økologi, etisk dyre hald, miljø, berekraftig læring er òg etterspurt.

Spørsmålet no er kva rolle kan stadbasert entreprenørskap og læring ha i utvikling av berekraftige lokalsamfunn i dag. Dette skal det arbeidast med i Aurland kommune sitt nye pilotprosjekt ”Inn på Tunet” . I dette 3-årige prosjektet ynskjer ein å utvikle stadbasert læring for alle brukarar i kommunen. www.aurland.kommune.no