Nyhende

41 innlegg

Hus med hage ved Fjorden til leige i Aurland frå hausten 2013

Draumehuset Sjøtun er til leige, med glassveranda, gjestehus, båt og eplehage ned til fjorden. Dette kan vera rette staden for møter, seminarer og utviklingsprosjekter. Økokafe og bakeri opnar på Aurlandsvangen 1 juni, sjå også andre bedrifter: www.sakte.no. Her er mange moglegheiter for dei som vil etablere enterprenørskapsbedrifter i Fjord- og verdsarvområdet, sjå www.naroyfjorden.no. Det er utlyst stillingar på Sogn Jord og Hagebrukskule og i Aurland Naturverkstad, www.naturverkstad.no

Storytelling i Aurland, 25 juni 2012

Fiona Eadit, i forteljarkjolen med innstrikka historier frå både Norge og England. Fiona har mellom anna arbeidd med storytelling for kulturarvorganisasjonen National Trust.

Korleis vekkje til live historiene på ein stad?

Open kveld om utvikling og bruk av historieforteljing i Verdsarvområdet.

Ved Fiona Eadit frå Stroud, England og Jorun Barane, Aurland.

Stad: Aurland skofabrikk
Dato : 25 juni, 2012
Tid: kl. 19.00

Påmelding innan 4. juni til:

Jorun Barane
jorun@naturpedagog.no
telefon: 97005951
www.naturpedagog.no

Vel møtt!