Tidlaust landskap – Karl Seglem, Jorunn Barane og Jonas H. Sjøvaag

desember 20, 2016  |  Nyhende

Tidlaust landskap er ei framsyning, ein konsert, ei reise. Hybrid. Ordlaus lyd som bølgjar i samklang med røyster som i eine augneblinken fortel høgt og manande og som i den neste kviskrar poesi. Lyd og ord, bilder som smeltar saman i den som lyttar og vonaleg kan opna opp til noko nytt i kvar og ein. Vi må våga å gå inn i eit meir mytifisert landskap i oss sjølve, og samstundes la oss bli påvirka av den ur-krafta naturen er. Finna og formidle den poetiske krafta i oss sjølve og i naturen. Musikken, klangen, blir enkel og basert på lyden av horn/bein og trommer/skinn, kobla mot og utvikla gjennom bruk av elektronikk.

Les mer her